-
Årets konferanseprogram er under utarbeiding, og vert publisert snart.
Har du forslag til tema eller nokon som burde halde foredrag på 100dagar? Send ein mail til jostein@kulturkontoret.as!
-
Årets artistar blir snart annonsert, så følg med her på nettsida eller på våre sosiale medier framover.
Me har mange lovande talent på programmet i år, så det er berre å gle seg! -
Med delegatbillett får du tilgong til både konferanseprogram og konsertar. Dette er ein god moglegheit for deg som har lyst å utvide nettverket ditt i musikk- og kulturbransjen, og å legge grunnlag for nye samarbeid.
100dagar er Noregs minste bransjetreff, og difor er det også ekstra hyggeleg og enkelt å kome i kontakt med kvarandre! ;)
Er du under 25 år? Då får du rabatt på delegatpass! Sjå billettsida for meir info. -
Kjem du langveisfrå?
Me har avtale med Stord Hotell om rabatt på overnatting for alle delegatar og artistar. Ta kontakt med festivalsjef Jostein for meir info, på jostein@kulturkontoret.as
-
100dagar er det perfekte utgangspunkt for deg som ønskjer å etablere eit nettverk i bransjen, opptre for eit engasjert bransjepublikum og komme deg eit steg vidare i artistkarriera di. Me har eige workshop for artistar og har møteplassar der du kan få møte festivalar og andre artistar.
Søknadsfristen for 2026 er gått ut, men følg oss på sosiale medier, så får du beskjed når me opnar for 2027!
-
Det har vore ein ellevill sommar for TAUS som var årets vestlandssatsing. Etter sin konsert på 100dagar i mars 2025 fekk dei spelejobbar på heile 15 festivalar på vestlandet, samt by:Larm og VillVillVest.
Høyres det ut som noko du óg kunne tenkje deg? Som deltakar på 100dagar er du med i konkurransen om å bli kåra til Vestlandssatsinga 2026!
Bli med i nettverket!
100 Dagar er ein møteplass for festivalar og arrangørar. Sidan 2007 har me skapt eit nettverk der me deler kompetanse og gir kvarandre innspel. I 2023 lagde me med støtte av Vestland fylke også digitale møteplassar. Me kalla nettverket FOKK – Festivalnettverk for opplæring, kompetanse- og kunnskapsdeling. Samlingane blir administrert av Kulturkontoret AS. Me har samlingar fleire gonger i året. Bli med oss!
Delegat?
På 100 Dagar får du seminar spesiallaga for festivalbransjen. Me har fokus på kompetanseheving og att festivalane skal skape nettverk seg i mellom slik at me kan lære av kvarandre.
Du får den beste nye musikken frå vestlandet og høve til å møte band og artistar direkte. Med to konsertscenar vegg i vegg går du ikkje glipp av ein einaste konsert.