-
Info og påmelding kjem snart!
-
Vil du stå på programmet i 2027?
Meld deg på her:
https://forms.gle/se3eeABNeo4CYcLWA -
Med delegatbillett får du tilgong til både konferanseprogram og konsertar. Dette er ein god moglegheit for deg som har lyst å utvide nettverket ditt i musikk- og kulturbransjen, og å legge grunnlag for nye samarbeid.
100dagar er Noregs minste bransjetreff, og difor er det også ekstra hyggeleg og enkelt å kome i kontakt med kvarandre! ;)
Er du under 25 år? Då får du rabatt på delegatpass! Billettar kjem snart. -
Kjem du langveisfrå?
Me har avtale med Stord Hotell om rabatt på overnatting for alle delegatar og artistar. Ta kontakt med festivalsjef Jostein for meir info, på jostein@kulturkontoret.as
-
100dagar er det perfekte utgangspunkt for deg som ønskjer å etablere eit nettverk i bransjen, opptre for eit engasjert bransjepublikum og komme deg eit steg vidare i artistkarriera di. Me har eige workshop for artistar og har møteplassar der du kan få møte festivalar og andre artistar.
Me tek no imot søknadar for 2027, søk her:
https://forms.gle/se3eeABNeo4CYcLWA -
Det har vore ein ellevill sommar for Bare Andy som var årets vestlandssatsing. Etter sin konsert på 100dagar i mars 2026 fekk han og bandet spelejobbar på heile 15 festivalar på vestlandet.
Høyres det ut som noko du óg kunne tenkje deg? Som deltakar på 100dagar er du med i konkurransen om å bli kåra til Vestlandssatsinga 2026!
Bli med i nettverket!
100 Dagar er ein møteplass for festivalar og arrangørar. Sidan 2007 har me skapt eit nettverk der me deler kompetanse og gir kvarandre innspel. I 2023 lagde me med støtte av Vestland fylke også digitale møteplassar. Me kalla nettverket FOKK – Festivalnettverk for opplæring, kompetanse- og kunnskapsdeling. Samlingane blir administrert av Kulturkontoret AS. Me har samlingar fleire gonger i året. Bli med oss!
Delegat?
På 100 Dagar får du seminar spesiallaga for festivalbransjen. Me har fokus på kompetanseheving og att festivalane skal skape nettverk seg i mellom slik at me kan lære av kvarandre.
Du får den beste nye musikken frå vestlandet og høve til å møte band og artistar direkte. Med to konsertscenar vegg i vegg går du ikkje glipp av ein einaste konsert.
Delegatpåmeldinga opnar snart.
Våre støttespelarar