«Dio: Dreamers Never Die» er ein respektfull og verdig hyllest til eit av tungrockens største ikon, Ronnie James Dio. Den prisbelønte dokumentaren tar for seg alt frå Dio sin oppvekst i småbyen Cortland i New York på 40-tallet via åra i Rainbow, Black Sabbath og Dio og til han døydde av magekreft i ei sjukehusseng i Houston i 2010.
Framsyninga er eit samarbeid mellom 100 Dagar og Stord Filmklubb.
Filmen vert innleia av ingen ringare enn den legendariske vokalisten Thomas “Pest” Kronenes.
Alle med festivalpass til 100 Dagar 2023 kjem gratis inn.
Framsyninga er på Arena, Bakeriet Frugård sundag kl 18. Filmen varar i omlag to timar og femten minuttar.