Med all praten om mangel på kvinnelege artistar gjer 100 Dagar noko med det. Alle artistane på fredag 8. mars er kvinnelege eller har kvinneleg frontfigur. – Det var ikkje vanskeleg i det heile. Det er ein overflod av gode kvinnelege artistar og band, og det har vore vanskeleg å velge, rett og slett. I 100 Dagar har me generelt vore bevisst på å ha ein miks av sjanger og kjønn på festivalen, seier Jostein Sydnes, festivalsjef for 100 Dagar.
Med 8. mars initiativet på laget har me laga eit fantastisk 8. mars program med nokon av dei mest spennande nye banda og artistane. Michelle Ullestad, Nelly Moar, Kristine Blir rapper, Lekende Lett og Das Body står alle på scena i tillegg til ein
Michelle Ullestad har tatt landet med storm dei siste åra. Frå nervøse opptredenar på bransjefestivalar til Årets Urørt i 2022 har Michelle klart å markere seg som ein fryktlaus, kreativ, men også audmjuk artist, alltid tru mot eigne ideal. Ullestad er eit låtskrivertalent av dei sjeldne – med medmenneskelege, nære tekstar og melodiar med kraft og vilje. Songane hennar er den perfekte komboen av sprudlande allsong og melankolske melodiar. Advarsel: konsertane hennar kan gi deg alt frå tårer, eufori og gåsehud!
Nelly Moar er klar til å dominere R&B-scenen. Med sin sjangermiks mellom R&B, club og pop kombinert med ei sjelden stemmeprakt er Nelly Moar klar for å vise oss sitt univers av dansbare og elegante låtar. Eit utvilsom låtskrivartalent som er hausa opp av heile musikkbransjen og allereie har rukke å bli nominert til Spellemannsprisen.
Kristine blir Rapper har forvirra og overraska norsk musikkbransje med sin kometkarriere fra klar himmel. Som scenekunstnar har ho vore i «gamet» i over 10 år, og stod på Nationaltheatrets hovedscene som 16-åring. Du kan venta deg eit sceneshow utan like når «Kristine Blir Rapper» opptrer live, saman med sitt spektakulære dansecrew. Forvent deg fantastisk dansing,og rap på ein heilt egenkomponert blanding av norsk, dansk og svensk – eller «transskandinavisk».
Eklektiske Lekende Lett har allereie bevist for 100 Dagar publikummet kva dei står for. Fjorårets oppvisning av ein konsert enda med at den dynamiske duoen vann Vestlandssatsinga og fekk spele på ei røys med festivalar sommaren 2023. Den heftige turneringa har gjort Lekende Lett endå meir spelesugne og dei gler seg vilt til å lage elektrisk klubbstemning på 100 Dagar.
Indiepop-visjonærane Das Body er eit fyrverkeri av eit band. Med den fengslande Ellie Linden som soleklar frontfigur har bandet levert sin eigen «Nordic oddpop»-stil til strålande kritikkar. Det heilt ferske albumet deira har fått strålande kritikkar. Men det er kanskje live dei er aller best.
100 Dagar opnar med konsert i samarbeid Stord Jazzklubb. Det anerkjende jazzbandet Cortex har med seg smått legendariske Hedvig Mollestad på turne og legg turen innom 100 Dagar fredag 8. mars. Dei opnar konserthelga med konsert kl 17 fredag.
Feiringa av kvinnedagen har lange tradisjonar på Stord som går tilbake til byrjinga 1970-talet. Markeringa er tverrpolitisk og inkluderande, og har hatt mange ulike former. I dag er 8. mars-initiativet ei laus samling av kvinner frå ulike lag- og organisasjonar i kommunen, som står bak den årvisse markeringa av kvinnedagen.