100 Dagar endrar format fredag og lanserer 4 artistar
Det blir ein skikkeleg festfredag med konsertar av Jejune, Han Herman, Bo Milli og sjølvsaste Audrey Horne fredag 10. mars. – Det blir litt seinare konsertstart på fredag der alle konsertane blir på Arena. Dette er eit knippe av dei beste live-artistane frå Vestlandet nett no. Det er berre å gle seg til ein festkveld med den beste musikken på Bakeriet Frugård og Arena, seier festivalsjef Jostein Sydnes.
Jejune var heidra av alle festivalene på 100 Dagar i fjor som eit av dei beste live-banda og invitert til å spele på samtlige festivalar. Det unge post-punk bandet hadde ein strålande turne på Vestlandet og er no klare for å vise seg fram for Stord-publikummet. Med ein magisk intensitet og nærvær på scenen driven av eit skikkeleg bra band så meiner me dette er noko av det du må sjå live i 2023.
Han Herman er eit ganske nytt stjerneskot på den norske scena. Han Herman har berre gitt ut fem songar, men dei er til gjengjeld noko av det finaste som er komen ut av norsk pop dei siste åra. Bejubla konsertar på både Vill Vill Vest og By:larm saman med massiv speletid på P3 tyder på at me heldigvis vil få sjå meir av Han Herman framover. Me har sett dei opptre og er såpass betatt at me berre må visa dei fram for andre.
Bo Milli, kjent for 100 Dagar-publikum som Emilie Østebø, er utan tvil ei av dei mest spennande nye artistane i landet. Bo Milli sine nydelege låtar om klimakrise, snublande kvardagar, å vera ung vaksen og alt det som følger med passar like godt til rolege søndagar som til festfylte fredagar. Me gler oss enormt til ein festfylt fredag med Bo Milli og band på Arena.
Du veit kva du får når Audrey Horne står på scena. Eit energisk show med dei beste musikarane, med doble gitarsoloar og musikk som skrik etter allsong. Med gitarhelt og stordabu Arve Isdal har bandet holdt det gåande i 20 år (!) og etter Norgesturné og Europaturné i haust er dei betre enn nokonsinne. Dei er booka til sommarens Tons of Rock, men før det skal dei rocke 100 Dagar! Me meiner alle bør få ein dose rocke-energikick minimum ein gong i året for å halde seg friske og raske, og Audrey Horne live er akkurat rette medisinen.