– Stor spennvidde i årets artistar på 100 Dagar
Lekende Lett, Magick Touch, Embla and the Karidotters, Jørgen Engebret, Dobbeltgjenger, Simen Steinklev, Poor Bambi, Pernille Wensel, Lavran og Stefanos Yowhannes er dei nye namna som pryder årets 100 Dager plakat. – Dette er band som me trur også vil prege spelelister og festivalscener i åra som kjem framover, uttaler festivalsjef Jostein Sydnes som arrangerer 100 Dagar for femtande gong på Bakeriet Frugård.
– Me har som vanleg hatt stor interesse og påmelding frå artistar som vil spele på 100 Dagar. I år er det alt frå country, rock, hiphop og pop som blir presentert i eit tettpakka format på Arena og Den Blå time. Dette er truleg nye musikalske bekjentskap for mange, men me synes det er utruleg stas å vise fram det me trur blir store artistar før alle andre. Det at me får mogleiken til å gjera det på Stord og at me har gjort det i så mange år er veldig gøy, seier Jostein Sydnes.