Indiepop-visjonærane Das Body er klar for 100 Dagar. Me får oppleva dette fyrverkiet av eit band på sjølvaste kvinnedagen 8. mars. Med den fengslande Ellie Linden som soleklar frontfigur har bandet levert sin eigen «Nordic oddpop»-stil til strålande kritikkar. På nyåret kjem album og me gler oss ellevilt til både album og konsert!
I oktober i år kom «No love will shine on me», til strålande tilbakemeldingar fra kritikarane, etterfulgt av «You look so pretty when you’re on your knees» som kom for berre nokre dagar sidan.
Som Gorilla vs bear skreiv om sitt nye favorittband etter å ha sett dei live på SXSW er det nesten umogleg å fange live-energien deira på tape, men med god hjelp fra ringreven Erlend Mokkelbost
(Montée, JR Ewing) har dei definitivt klart dette mesterstykket.
«Das Body er det beste nye bandet fra Norge»
– Dagsavisen
«Deliriously inventive!»
– Clash