20 feite band fekk prøvd seg for ein solid delegasjon frå norsk festivalbransje denne helga. 100 Dagar leverer høgt tempo, høg puls og høg kvalitet! Av desse artistane vart I am K vald som vinnar av Vestlandssatsinga 2018. Og for ein konsert dei leverte! Bandet gjekk av scena alt kl 2030 på laurdagen, og etterlot seg eit måpande publikum. Ingen tvil. I am K kjem til å klatra seg kjapt opp bland landets mest interessante band. 2018 er deira år.
I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget. Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant saman. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangebegrensingar. Og denne våren kjem debutplata ”Humans”. Lyskannene er verkeleg retta mot I am K dette året! Dette er no, og dette er framtida.
Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit karriereløft. Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta I am K godt imot, dei kjem nemleg for å bli.
Med på Vestlandssatsinga 2018 er heiderlege: Musikkfest Stavanger, Utkantfestivalen, Malakoff, Tysnesfest, Vikedal Roots Music Festival, Fest i Vest, Mablis, Skral Festival, byLØRDAG av Bergen Sentrumsforening, Skånevik Bluesfestival, Den Festivalen i Vangen og Festidalen.