Lekende Lett vann Vestlandssatsinga under årets 100 Dagar
Med nytt album og ein sommarturne dei fleste artistar berre kan drømme om er Lekende Lett klar for å erobre dansegolvet og festivalgraset.
Grunngjeving:
Det er kav bergensk. Det er smart naivisme. Det er leikent. Og det er pokker så positivt! Frå første til siste beat er du kvitt all kvardagsskit. Lekende Lett lokkar fram overskotet. Gir deg helga. Og blankpussar sommarstemninga. Humor og alvor. Hjartesorg og kåthet. Versegod, eit saleg sirkus av RnB, klubb og rap dundrar din veg. Både scena og salen einast i kjærleg danserus. Slutt å ver så gravalvorleg! Ta leiken attende med Lekende Lett. Frykteleg snart på ein festival nær deg.
Om LL:
Lekende Lett slapp sin første låt i 2016 (Kom å lag litt liv) og har siden utforska skjæringspunktet mellom rnb, klubb og rap over ti singler.
Med tekstar på kav bergensk, dum-smarte refrenger, lekne og innovative produksjoner står dei sjangermessig aleine i norsk musikkflora.
Kristian Stockhaus har en omfattende musikalsk C.V og har b.la gjort seg bemerka som soloartist under navnet Stockhaus og med prog-new wave bandet Ungdomskulen.
Synne Sofi Bårdsdatter Bønes er utdanna og jobber som fotograf og har tatt bilete av store delar av musikk-Bergen, hatt utstillingar og regissert fleire musikkvideoar.
Debutalbumet For alltid kjem 14. april:
For Alltid er et album som stadfester kva LL har etablert samtidig som duoen utforsker, skyv og oppgraderer sin musikalske og eklektiske arv. Albumet er energisk, oppfinnsomt og rommer miami bass-inspirerte ballader, motivasjon i house-drakt og generell unorsk stemning og musikalsk tilnærming. Det er både neglelakk og skitt under neglene, humor og alvor, hjertesorg og kåthet og en iver om å skape noe nytt.
100 Dagar og vestlandssatsinga
100 Dagar skal skape grobotn for erfaringsutveksling, nettverksbygging og samarbeid mellom festivalane på vestlandet, og vera ein pådrivar for å få fram nye band og artistar frå vestlandsregionen. Kvart år går alle festivalane i lag og gir eit band spelejobb på sin festival. Det gir ein utruleg verdi for artisten som blir valgt som får både merksemd, ein betalt turne og massevis av erfaring. Tidlegare vinnarar er blant anna Silja Sol, Cherry Cinema og Jejune.