100 Dagar er ein unik mulighet til å nå ut til fleire bookarar av festivalar og arrangørar. Med eit unikt oppsett med to back-to-back scenar får du spele for alle delegatar på 100 Dagar. Kvart år deltek meir enn tjue festivalar og bookere på 100 Dagar.
Årets festival skjer 10. – 11. mars på Bakeriet Frugård, Stord.
Me gjer merksam på at det er ikkje garantert speletid for alle som melder seg på 100 Dagar. Band og artistar vert plukka ut av ein jury for stiftinga 100 Dagar. Band frå vestlandet blir prioritert. 100 Dagar legg vekt på ambisjonar til bandet, potensiale, live-appell og musikalske kvalitetar når me velger program til 100 Dagar. Me prioriterer uetablerte artistar under 30 år.
100 Dagar er ikkje ein musikk-konkurranse, men me har dei siste10 åra hatt ei felles satsing på eit band som fleire festivalar forpliktar seg å booke og gi honorar (minimum 10.000,- per festival). Dette gjer at festivalane kan vera med å løfte fram eit band frå vestlandet som ein har tru på. Festivalane har lov å sei nei til band, men vanlegvis er det mellom åtte og fjorten festivalar som er med på ordninga kvart år. Det er styret i stiftinga som nominerer dei som får vera Vestlandssatsinga og festivalane som bestemmer. Dette vert gjort i etterkant av 100 Dagar, og me prøver å ha ei avgjersle kort tid etter festivalen.
Festivalane bookar ofte meir enn dette eine bandet. Liste over festivalane som deltek vert sendt ut seinare.
Påmelding for artistar finn du her.